mandag 27. desember 2010

Korleis blir det å ha berre ein karakter i norsk på Kongsbakken?

Kronikk i Nordlys 13. desember

Utdanningsdirektoratet har sagt ja til at Kongsbakken kan gjennomføre forsøk med ein karakter i norskfaget. Dei elevane som omfattast av forsøket, er elevane på Vg1 skuleåret 2010-2011 og Vg2 skuleåret 2011-2012. Før me går inn på dei praktiske sidene ved gjennomføringa av forsøket, skal me sjå nærare på bakgrunnen til det.

Den styrande regelen for vurderingssystemet i norsk skule står i § 3-3 i den nye vurderingsforskrifta til opplæringslova: Grunnlaget for vurderinga i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget. Korleis skal ein så gå fram for å oppfylle dei forskriftsfesta forventingane om ei samla kompetansemålvurdering i eit fag med tre karakterdisiplinar?

Forskrift og rundskriv peiker mot ein karakter i norskfaget
Me meiner det vil vere galt å fordele dei om lag seksti kompetansemåla i norsk på tre karakterområde. Det skuldast at ein da let eit avgrensa utval kompetansemål vere grunnlag for halvårs- eller sluttkarakterar, til dømes for ein nynorskkarakter til standpunkt på Vg3 på utdaningsprogrammet for studiespesialisering. I læreplanen finn me berre ni aktuelle kompetansemål for ein slik nynorskkarakter.

Ei slik kompetansemålavgrensande karakterinndeling harmonerer på ingen måte med forventingane i den nye vurderingsforskrifta i § 3-3. Utdanningsdirektoratet understrekar i eit rundskriv at ”kompetansemålene må ses i samanheng, og at det ikke er adgang til å vurdere kompetansen i forbindelse med standpunktkarakter bare på grunnlag av et utvalg av kompetansemålene” (Udir-1-2010: 12). Ei slik utsegn føreset etter vår meining at norskfaget er eitt fag med ein læreplan og ein karakter.

I det same rundskrivet heiter det også at ”[k]arakteren skal fastsettes på grunnlag av kompetansemålene som er gjennomgått i opplæringen, og det er ikke adgang til å sette en halvårsvurdering med karakter på grunnlag av bare noen av målene som er gjennomgått.” Når elevane til dømes skal ha norskkarakterar etter Vg2, kan ikkje læraren dele opp Vg2-kompetansemåla, gjere eit utval og så gjeve ei halvårsvurdering med karakterar i tre disiplinar ut frå dette.

Frå karakterjag til læringsfremjande vurdering
Om læraren ikkje fordeler kompetansemåla på dei tre karakterdisiplinane, blir resultatet at vurderinga av eleven etter dei samla kompetansemåla i læreplanen vil måtte gå føre seg på alle tre karakterområda samstundes.

Det vil til dømes seie at Vg3-elevane først skal kunne vise kompetanse i å ”drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv” på hovudmålet sitt. Så skal dei prestere det same på sidemålet, før dei endeleg får dokumentere at dei også i faget munnleg norsk kan drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i eit globaliseringsperspektiv.

Slik gjer norsklærarar noko som lærarar i andre fag av gode grunner ikkje gjer, sjølv ikkje matematikklærarar - norsklærarane gangar alt med tre. På den måten er det systemet me har i dag, med på å fremje eit kvantumsorientert karakterjag heller enn læringsfremjande vurderingskvalitet i norskopplæringa.

Med berre ein karakter i norskfaget ser me for oss at elevar og lærarar raskt skal merke at kvalitet kjem føre kvantitet. Samstundes skal me byggje den manglande brua mellom læreplanen og vurderingssystemet i norskfaget.

Slik gjer me det på Kongsbakken
Norskfaget er til liks med andre fag styrt av lov, læreplan og vurderingsforskrift. I samsvar med disse har norsklærarane på Vg1 ved Kongsbakken delt kompetansemåla i læreplanen inn i tre kunnskaps- og dugleiksområde: 1. Kunnskap. 2. Lesing og analyse. 3. Formidling. Formidlinga skal vere munnleg og skriftleg på hovudmål og sidemål, og den skal vere sjangerorientert.

Norsklærarane på Vg1 har utarbeidd ein progresjonsplan som viser kva for kompetansemål som ligg til grunn for fire arbeidskrav eller vurderingsgrunnlag med karakterar i kvart halvår. Dei fire vurderingsgrunnlaga omfattar to skriftlege arbeid der elevane får vist kompetanse i å skrive sjangerbestemt på bokmål og nynorsk.

I tillegg til disse to skal det vere eit munnleg vurderingsgrunnlag der elevane også får vist kompetanse i å lage samansette tekstar. Det siste av dei fire vurderingsgrunnlaga for ein halvårskarakter i norsk er ei prøving av elevane i kompetansemål som er retta mot kunnskapsstoffet i norsk. Dei fire arbeidskrava veg i prinsippet like mykje i den forstand at ein elev normalt ikkje kan få karakter i faget utan å ha dokumentert kompetanse i dei måla som er dekka av dei fire vurderingsgrunnlaga.

Det er ein klår føresetnad for forsøket at forsøkselevane skal stille likt med andre elevar i konkurransen om elevplassane på neste nivå. Dette kan skje ved at halvårskarakteren som forsøkselevane får i norsk ved avslutninga av Vg1 og Vg2, skal telje som tre karakterar ved opptaka til Vg2 og Vg3. Det vil også vere mogleg for elevar å reservere seg mot deltaking i forsøket. I slike høve skal det ordinære vurderingssystemet nyttast.

Saman med Fana gymnas skal no Vg1-elevar og norsklærarar ved Kongsbakken vere med på eit svært interessant forsøk, fagleg sett. Dei skal gjeve dei nasjonale utdaningsmyndigheitene eit røynslegrunnlag for ei endeleg avgjerd om vurderingssystemet i norsk - blir det berre ein karakter i norsk?