søndag 21. oktober 2012

Ein karakter i skriftleg norsk

Kronikk i Bergens Tidende 9. oktober 2012


Kunnskapsdepartementet har bedt om ein revisjon av norsklæreplanen og ei omvurdering av vurderingssystemet i norskfaget. I samband med den pågåande læreplanrevisjonen i faget har Utdanningsdirektoratet foreslått både å styrke opplæringa i hovudmålet og å senke ambisjonane for dugleik i sidemålet. Vurderinga av skrivekompetansen til elevane er utan tvil det mest problematiske her.
Mange vil meine at hovudproblemet i skriveopplæringa i norsk er at ho ikkje berre er prega av fagleg einskap, men også av politisk splitting, særleg når vurderingssystemet skal koplast til læreplanen. Dette har gjeve oss ei skriveopplæring som er politisk grunngjeven, som dels vantar fagleg legitimitet, og som skapar strid i skulen.
Det norskfaget treng, er ei einskapleg opplæring i og vurdering av skriftleg norsk som er tufta meir på faglege premissar enn på politiske. Dette har Fana gymnas og Kongsbakken vidaregåande skule prøvd å få til i to parallelle forsøk med berre éin karakter i norsk.

Evaluering av forsøka
Forsøka er utforma i tråd med lov, rundskriv og alminneleg praksis. I slike lokale forsøk blir det normalt ikkje kravd ekstern, vitskapleg evaluering, men Nordlandsforskning fekk i oppdrag av Utdanningsdirektoratet å evaluere forsøka.
            Evalueringsrapporten konkluderer med at forsøka i all hovudsak er opplevd positivt av så vel elevar som lærarar ved begge skulane. Det er funne klare indikasjonar på at læringsmiljøet er styrka som følgje av overgangen frå tre til éin karakter i norsk.
            Det kanskje mest tankevekkjande funnet er at lærarane gjev uttrykk for at læreplanen er blitt meir synleg og til stades i undervisninga. Det skulle da berre mangle, kan ein seie, men dette rører ved det problematiske i norskfaget slik det er i dag. Sett på spissen arbeider ikkje norsklærarane hovudsakleg for å få læringsresultat, men for å få vurderingsgrunnlag.
            Eit anna viktig pedagogisk funn er at skriveopplæringa er blitt styrka ved at lærarane har fått tid til å følgje opp elevane betre. Dei har arbeidd prosessretta og teke i bruk tidkrevjande, men effektive metodar som er i samsvar med prinsippa i den nasjonale innsatsen «Vurdering for læring».

Ein urimeleg språkpolitisk kritikk av eit pedagogisk forsøk
Det er interessant at dei som tidleg kritiserte forsøka for ikkje å ha ekstern evaluering, også blei arge for at det likevel kom ei slik. Dei kalla straks rapporten for eit bestillingsmakkverk, og skulda dermed indirekte Nordlandsforskning og Utdanningsdirektoratet for både korrupsjon og inkompetanse. Og verre: Kritikarane fnyser av røynslene til lærarar og elevar, og føyser dei bort som illegitime ved å vise til manglande vitskaplege premissar som dei veit aldri har lege føre i desse forsøka.
Dei som står og har stått i desse pedagogiske forsøka på å knytte kompetansemåla i læreplanen til vurderingssystemet på eit rasjonelt vis, er norsklærarar med høg fagleg integritet og kompetanse og lang fartstid innaføre eit fagfelt dei meistrar så uendeleg mykje betre enn kritikarane sine. Den småfrekke arrogansen mot desse lærarane og det daglege arbeidet deira meiner eg er eit misbruk av målsaka som berre kan gjere skade i tilhøvet mellom skulen og målrørsla.
Eit døme på kor djupt politisert skriveopplæringa i norsk er, finn vi døme på i samband med at forsøksskulane bad Universitetet i Bergen om å evaluere forsøka. Endre Brunstad ved LLE-instituttet takka høfleg og sakleg nei av faglege grunnar, men også ut ifrå politiske avvegingar:
«Samtidig er sidemålskarakteren si rolle i norsk språkpolitikk samansett, og eit argument frå målrørsla har heile tida vore at ein eigen sidemålskarakter er viktig for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Å fjerne sidemålskarakteren har difor fleire ideologiske og politiske sider ved seg. Desse sidene går vidare enn spørsmål om arbeidsmengda til norsklærarar. Vi ser jo at prosjektet alt i dag (gjennom prosjektdeltakarane) spelar ei rolle i diskusjonen om ein skal fjerne ein eigen sidemålskarakter. Det gjer det viktig at ein tenkjer over og kan stå inne for dei metodiske og forskingsetiske aspekta ved forsøket.».
Eitt slikt forskingsetisk aspekt er at Brunstad kunne ha informert oss om at han heller ikkje ville gjere arbeidet ut ifrå si ideologiske overtyding. Hadde den tidlegare leiaren av Noregs Mållag allereie teke standpunkt for at det av omsyn til sidemålet skal vere tre karakterar i norskfaget, uansett kva for røynsler lærarar og elevar ved Fana gymnas og Kongsbakken måtte få gjennom forsøket? Ein slik forskarståstad ville gjere ei upartisk evaluering heilt umogeleg.

Kvifor ikkje vurdere skriftleg norsk som ein samla dugleik?
Om eg, som ansvarleg for norskopplæringa til 650 elevar ved Kongsbakken, kunne få halde meg til det faglege i denne saken, skulle utgangspunktet mitt vere at det å kunne skrive norsk, er å kunne formulere seg skriftleg både på hovud- og sidemålet. Samstundes er det slik at ein må forvente at elevane meistrar hovudmålet sitt på eit høgare nivå enn dei meistrar sidemålet. Da må dette visast i læreplanen og vurderingssystemet.
Mitt utgangspunkt er det same som da forsøket byrja: Det er ikkje faglege grunnar til å prøve dei skriftlege dugleikane til elevane mot dei same kompetansemåla to gongar – først éin gong på hovudmålet og så enda ein gong på sidemålet. Samstundes meiner eg at det er ein ulikskap mellom munnleg og skriftleg resonnement og retorikk som kan gjere det naudsynt med ein eigen munnlegkarakter.
Som følgje av forsøket har eg derfor tvilt meg fram til at det kan vere best å gjeve ein munnleg og ein skriftleg standpunktkarakter i norsk etter ungdomstrinnet og etter vidaregåande opplæring. Den samla skrivedugleiken i norsk må på si side prøvast med éin skriftleg eksamen, både etter 10. trinn og etter Vg3 på studieførebuande utdanningsprogram. Reint praktisk kan dette gjerast ved at elevane skriv eit kortsvar på sidemålet og eit langsvar på hovudmålet.
Eg trur ikkje skriveopplæringa i norskfaget er tent med ei splitting i to vurderingsdisiplinar. Derimot trur eg at vi kan gjere heile norskfaget betre om vi handsamar hovudmålet og sidemålet som to litt fagleg ulike, men elles likeverdige delar av éin samla dugleik i skriftleg norsk - og til å vurdere denne treng vi altså berre éin skriftlegkarakter.

Kjelder:
·         Wenche Rønning: «Fra karakterjag til læring – fra dommer til trener.» Nordlandsforskning september 2012.
·         Svarbrev frå LLE, Universitetet i Bergen 11. mars 2011.